Beskrivelse
Familien vår har seks utleigehytter. Hyttene ligg usjenert til på det vesle gardsbruket vårt i eit område med god utsikt over bygd, fjord og fjell.
Frå hyttene er det gangavstand til m.a. butikkar, serveringsstadar og galleri i sentrum av tettstaden Nordfjordeid. Byggestilen her er frå 1800-talet og skaper eit intimt og koseleg miljø.
Operahuset Nordfjord opna i 2009 og ligg ein 2-3 min. gangavstand frå hyttene våre.
Sted
Sjukehusvegen 2-4



