Beskrivelse
Kjørnes Camping og Fjordhytter ligg vakkert til Sognefjorden, 3 km frå Sogndal sentrum ved riksveg 5, retning Kaupanger. Med sin lokalisering midt i Fjord Norge, er Kjørnes Camping og Fjordhytter eit svært sentralt utgangspunkt for aktivitetar og opplevingar ved Sognefjorden. I løpet av ein time kjem du til dei mest kjende attraksjonane som Nærøyfjorden, Flåmsbana, Urnes stavkyrkje, Sognefjellsvegen, Jostedalsbreen- Jotunheimen- og Breheimen- nasjonalparkar.



