Beskrivelse
Campingen ligg fint til ved innlaupet til kystbyen Stord, sør på Stordøya. Køyr av frå E-39 ved Leirvik og føl skilta. Avstanden til/frå Leirvik sentrum er om lag 1 km eller ca. 15-20 min gange. Sjølve campingen har ni hytter, tjue oppstillingsplassar for bubilar/campingvogner og ca. ti teltplassar. Nytt sanitærbygg/kjøkken/vaskerom med god standard. Sponavikjo er ein liten og stille campingplass, ingen støy frå store vegar. Det er kort veg til badestrand,svaberg og turvegar. Frå berga kan ein fiska i sjøen. Internett. Oppsøk turistinformasjonen i Kulturhuset. Leirvik har mykje å by på. Bruk lokalkartet og bli kjent med byen!
Sted
Sponavikvegen 30



