Beskrivelse
I Herand finn du ei båthamn med lange tradisjonar og sjel.
Det såg ikkje ut som i dag, då dei på 18oo-talet sende nybygde båtar av stad.
Denne vesle bygda var ein av dei største båtbyggjarstadene på Vestlandet, og berre i 1890 vart det bygd 300 båtar her.
No er dei fleste trebåtane erstatta med andre typar båtar, og hamna har fått ny innpakning etter tallause dugnadstimar frå bygdefolket.
I ei forlenging av hamna, finn du ei badestrand med grillplass, bord og benker.
Sumarstid, er Meieriet Restaurant, Kiosken og Båtmuseèt i hamna åpen.
Butikken ligg òg rett i nærleiken.
Gjesteplassar: ca. 25
Havnepris: kr 100 for båtar < 40 fot,
kr 150 for båtar > 40 fot
Fasilitetar:
Fortøying ved flytebryggje; Serviceanlegg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel; septiktømming; søppelcontainer; tilgang til straum og vatn; diesel- og bensinpumpe ved butikken.