Beskrivelse
Hardanger og Voss museum er:
- Hardanger fartøyvernsenter (Norheimsund)
- Kunsthuset Kabuso (Øystese)
- Hardanger folkemuseum (Utne)
- Agatunet (Aga)
- Voss folkemuseum (Voss)
- Granvin bygdemuseum (Granvin)
- Skredhaugen (Lofthus)
- Storeteigen bygdetun (Øystese)
- Borgstova (Vikøy)
- Hardingfela.no
Hardanger og Voss museum vart skipa 17. januar 2006 og har forretningstad på Utne.
Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid.
Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, regionalt og internasjonalt.
Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der alle er velkomne til å studera, oppleva og finna utfordringar.
Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen. Hardanger og Voss museum driftar eit nasjonalt senter for fartøyvern og eit kunsthus som vart bygd som tusenårsstaden i Hordaland.
Sted
Museumsvegen 36



