Nordfjord Folkemuseum

Kontakt 57 88 45 40
480 63 234
Opprettet av

Beskrivelse

Nordfjord Folkemuseum vart opna i 1920, men allereie i 1907 vart det teke initiativ til å reise eit bygdemuseum for bygdene i Gloppen prestegjeld. Samstundes tok Firda Ungdomslag opp spørsmålet om å reise eit museum for heile Nordfjord. Resultatet vart skipinga av eit sogelag i 1908, beståande av begge partar, som skulle ha som oppgåve å samle pengar og tilfang til eit folkemuseum som tok vare på ting frå den gamle bygdekulturen i Nordfjord.

Etter ein hard lokaliseringsstrid vart det i 1910 bestemt at museet skulle ligge på Sandane. Det fekk ei tomt i Åsen som Gloppen heradstyre hadde stilt til rådvelde, samt eit mål på Øyrane, der fartøyet Holvikejekta låg. I 1915 fekk Nordfjord Folkemuseum eige styre, og sogelaget overga museumsstyret alt vedkomande museet og jekta.

25.juli 1920 vart Nordfjord Folkemuseum opna, som eit lite friluftsmuseum med stover frå Sæta, Otnheim og Dispa, bu og stabbur frå Heggdal, samt Austrheim gamle skulehus. I løpet av dei neste åra kom det til ei stove og ei nystove frå Ramnestad og ei bu frå Bergset. I 1950 hadde museet ti bygningar og 2000 gjenstandar. Det var ønske om ein ny museumsplan, og museet vende seg til Gloppen Heradstyre med spørsmål om større tomt.

Etter råd frå Norske Museers Landsforbund og arkitekt Arne Berg vart museet flytt til eit anna og større område, Jølet. Arne Berg utarbeidde også planen til museet. Dei fyrste husa vart flytta i 1960, og seks år seinare var alle ti husa frå Åsen på plass i Jølet. Frå 1967 vart det sett i gong ein målviten innsats for å få tak i hustypar som ikkje var representert på museet frå før. Ein gjekk inn for å berre flytte hus som elles ikkje ville verte tekne vare på av eigarane.

I dag er det 44 bygningar i friluftsmuseet i tillegg til administrasjonsbygget som kom på plass i 1995 med magasin, utstillingshall, kafé, og kontor.

I 2009 vart Nordfjord Folkemuseum ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF) som er det konsoliderte museet for Sogn og Fjordane. Eigarstyret til Nordfjord Folkemuseum har overdrege det faglige, administrative og økonomiske ansvaret til det konsoliderte museet. Verksemda vert framleis finansiert gjennom statlege, fylkeskommunale og kommunale tilskot, samt eigne inntekter.

Sted

Gloppen, Vestland
Gota 16

Annonsedetaljer

Annonse-ID 2781
Vist 476
Utløper 30-05-2032 14:41:00
I kategorier Museum og Lignende

Se og kjøp denne utrolig kvalitets prosjektor!

Reise TV i liten format!

Tidevann

Besøk

Vi har 1392 gjester og ingen medlemmer på besøk.

Om oss

Disse sidene er laget basert på offentlig informasjon hentet inn fra en mengde ulike opplysningsverk (f.eks. brreg).
Sidene er satt sammen fordi "vi" ønsket en side som fungerte annerledes enn det vi klarte å finne ellers på nett.
Ønsker du endringer til f.eks. din bedrift, er det bare å ta kontakt. Tjenesten er foreløpig gratis.

© Innholdet er beskyttet etter åndsverkloven
Systematisk innhenting, lagring, indeksering, distribusjon og all annen form for sammenstilling av listedata tillates ikke uten skriftlig tillatelse fra Travelcamp.no eller Artmark.no
Bildefilene (enten av eiendommen eller logo osv) mht de plasseringer tilhører deres respektive plasseringer med mindre noe annet er spesifisert.