Olav H. Hauge-senteret

Kontakt 56 52 70 70
Opprettet av

Beskrivelse

Ved Olav H. Hauge-senteret kan du oppleva dikt og songar i mange former på tvers av språkgrenser. 

Hauge-senteret ligg vakkert til ved fjorden og med utsyn til fjellet frå det gamle heradshuset i Ulvik i Hardanger. Senteret rommar fortellingar knytt til dikt av Olav H. Hauge og andre verdspoetar. Utstillinga gir opplevingar både for barn og vaksne. 

Bøker med mange tankar  
Olav H. Hauge fann seg heime i bøkene. I eitt av dei mest omfattande dagboksverka i verdslitteraturen skriv han om det han har lese og reflekterer rundt tilvære. Diktaren og fruktbonden Olav H. Hauge har skrive dikt frå kvardag og natur og gjort seg mange tankar om livet og litteraturen. Alle kan kjenne seg att i Olav H. Hauge si dikting. I utstillinga kan du òg møte Hauge som opplesar og på film.  

Songar og dikt frå heile verda 
Hauge-senteret arbeider med lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Du kan sjølv prøva deg på å skrive dikt i poesiverkstaden og i lyrikkbiblioteket kan du oppleve lyrikk frå heile verda.  

Kattejakta 
Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylgje kattespora finn ungane katten på uventa stadar, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Ved fullført kattejakt ventar det ein liten kattepremie i resepsjonen.  

Arrangement 
Hauge-senteret byd på eit spennande kulturprogram for barn og vaksne. Høgdepunktet er Ulvik poesifestival som vert arrangert i september annakvart år. Poesifestivalen presenterer eit mangfald av nasjonale og nordiske poetar, både gjennom song og dikt.   

Butikken 
I museumsbutikken vår finn du bøker for barn og vaksne. Her kan du oppdage nye og spennande gåveartiklar til både små og store i alle prisklassar. Butikken har eit rikt utval av nynorske barnebøker.

Kilde: fra stedets egne nettsider

Sted

Ulvik, Vestland
Promenaden 7

Annonsedetaljer

Annonse-ID 2869
Vist 484
Utløper 30-05-2032 14:41:00
I kategorier Museum og Lignende

Se og kjøp denne utrolig kvalitets prosjektor!

Reise TV i liten format!

Tidevann

Besøk

Vi har 827 gjester og ingen medlemmer på besøk.

Om oss

Disse sidene er laget basert på offentlig informasjon hentet inn fra en mengde ulike opplysningsverk (f.eks. brreg).
Sidene er satt sammen fordi "vi" ønsket en side som fungerte annerledes enn det vi klarte å finne ellers på nett.
Ønsker du endringer til f.eks. din bedrift, er det bare å ta kontakt. Tjenesten er foreløpig gratis.

© Innholdet er beskyttet etter åndsverkloven
Systematisk innhenting, lagring, indeksering, distribusjon og all annen form for sammenstilling av listedata tillates ikke uten skriftlig tillatelse fra Travelcamp.no eller Artmark.no
Bildefilene (enten av eiendommen eller logo osv) mht de plasseringer tilhører deres respektive plasseringer med mindre noe annet er spesifisert.