Beskrivelse
I skog og utmark har du lov til å: Ferdast til fots, på ski, til hest eller på sykkel. Ro, segla, padla og bada i elvar og vatn. Liggja i telt opp til 2 netter på same stad plukka bær, sopp og vanlege blomar.
Men pass på: Ikkje gjer skade på på tre og annan vegetasjon. Det er forbud mot å tenna eld i tida 15. april til 15. september. Kast ikkje avfall – rydd opp etter deg. Det er bandtvang for hund heile året.
Jakt og ferskvassfiske krev spesielt løyve. Ta omsyn til dyr og fuglar om våren i yngle/hekketida. Vis respekt for alt liv og privat eigedom (grindar skal lukkast etter deg).
Me set pris på at Sveio-naturen blir brukt, men ber deg visa omtanke og varsemd, slik at komande generasjonar også kan få dei same gode naturopplevingane som oss.
Det er viktig å ha reiseforsikring, ein veit aldri kva som kan skje på ferie.
Sted
Sveiogata 66



