Utne Turistkontor

Beskrivelse

Gleder i Eidfjord som  gir minner for livet. Gode dagar, aktive dagar, late dagar, spennande dagar, natur, kultur og mangfald. Dette er noko av det vi lovar deg i Eidfjord.

Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.

Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Derfor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og derfor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år.

Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her ?nst mulegheiter for store og små. Sommaren er intens i Eidfjord. Alt lever, naturen blomstrar, menneska smiler og du kan gjere akkurat det du har lyst til å gjere. Vere i harmoni med naturen og kulturen, deg sjølv, familie og vener, utforske naturen og mattradisjonar, bade, ?ske, sykle eller gå turar.

Velkomen til eit levande Eidfjord og vakre opplevingar heile året enten du er på  gjennomreise eller ønsker ein stad du kan slå deg til ro for nokre dagar.

Eidfjord er ein utmerka stad å bruke som utgangspunkt for små turar til fjordane, fossane, Bergen, Voss, Geilo eller Hardangervidda. Med over 1500 gjestesenger og mange spennande spisestader, aktivitetar og attraksjonar lovar vi alle gode og ekte kvalitetsopplevingar som gir minner for livet og næring til kropp og sjel.

På denne nettsida ?nn du ei  lita oversikt over opplevingar i Eidfjord. Du er hjartelig velkommen til å besøke turistinformasjonen vår på kaien i Eidfjord sentrum.

Velkomen til oss!

Sted

Eidfjord, Vestland
Ostangvegen 23

Annonsedetaljer

Annonse-ID 1272
Vist 157
Utløper 30-05-2032 14:41:00
I kategorier Opplevelser

Tidevann

Besøk

Vi har 1283 guests og ingen medlemmer på besøk.

Om oss

Disse sidene er laget basert på offentlig informasjon hentet inn fra en mengde ulike opplysningsverk (f.eks. brreg).
Sidene er satt sammen fordi "vi" ønsket en side som fungerte annerledes enn det vi klarte å finne ellers på nett.
Ønsker du endringer til f.eks. din bedrift, er det bare å ta kontakt. Tjenesten er foreløpig gratis.

© Innholdet er beskyttet etter åndsverkloven
Systematisk innhenting, lagring, indeksering, distribusjon og all annen form for sammenstilling av listedata tillates ikke uten skriftlig tillatelse fra Travelcamp.no eller Artmark.no
Bildefilene (enten av eiendommen eller logo osv) mht de plasseringer tilhører deres respektive plasseringer med mindre noe annet er spesifisert.